onsdag 31. mars 2010

Travle dagar

Det er påskeferie. Kjempedeilig! Russebilen er på G, endeleg!

torsdag 11. mars 2010

Inspirasjon kan kome frå så mange rare stader

- innimellom frå å lese norskstilane til Lage Nøst. Takk for at du set ting så innmari på spissen når du skriv - det gjer meg mildt stemt mot å tilbringe ettermiddagen saman med Word 2007.

tirsdag 9. mars 2010

Høg nerdefaktor

Eg har vore på NTNU (lovelovelove), og der lærte eg om

- Kybernetikk
- Slangerobotar
- Andre robotar
- Segway
- Blinkande namneskilt
- Flygande tog

Kanskje ender eg opp som supernerd om eit par år? Det var iallefall interessant nok.

Til slutt, for å blidgjere NTNU: SØK KYBERNETIKK ELLER ELEKTRONIKK, DET ER GØY!

torsdag 4. mars 2010

Av og til seier ein fæle ting når ein er sint, og så skammar ein seg etterpå. Eg liker ikkje å vere sint. Eg liker endå mindre å innrømme at eg har vore dum og teit og seie unnskyld. Men eg gjer det likevel - av og til.