tirsdag 5. januar 2010

Bryllaup på trass


Vårt bryllaup skal vera ein fest på trass!
Ein haustkveld seint skal det stå.
Dei blomar vi sankar til brurekrans
Vi bryt under dødens ljå.
Døden skreid nyst gjennom bryllaupshall
og livet laut døy der han fór,
men freden hans bryt vi med spel og song
og dansar på kyrkjegards-jord.

Mot kulden som varslar at døden er nær
vi kveikjer ein logande eld.
Og fleire og større skal lampene glø
di svartare mørkret fell.
Og lurer seg gravtogn og dødsangst inn,
dei møter ein spotsk fiolin,
dei trampast til døde av dansande par
og druknar i glitrande vin

Vi følgjer med faklar og klingande spel
til døra vår siste gjest.
Vår gang ifrå festsal til brurkove blir
ei ferd ifrå fest til fest.
Vi røvar frå skogen hans siste gull
til leie for han og ho.
Og alt medan brurlys og festbål døyr
dei kveikjest på nytt i vårt blod.

Natta og hausten og døden – dei tre
skal stå ved vårt leie vakt.
Til spott og på trass skal vårt bryllaup stå
mot dei og mot all deira makt.
Livet i vald og med livet i pakt
og utanom visning og død
er kvinna og mannen som femnande sår
det heilage livsens frø.

Halldis Moren Vesaas, 'Harpe og dolk'