søndag 11. juli 2010

No er det sommar

Tåke, iskaffi og musikk saman med gode venner til langt på natt. Mimring, framtidstankar, pakkelister. Alt er litt uverkeleg - snart legg vi alt vi kjenner til bak oss, og alt blir nytt. Alle reiser, ikkje til same stad, men vi sjåast.

torsdag 1. juli 2010

Tredje sommarteikn: SommarSNU er over, og eg nyt sol, varme og is i Paris.

torsdag 10. juni 2010

Andre sommarteikn: eg les til fysikkeksamen.

tirsdag 1. juni 2010

Første sommarteikn: eg er solbrend.

tirsdag 25. mai 2010

Joda, snart eksamen

Kva gjer ein med saken? Fell tårar. Mange tårar. Det verkar nokså vonlaust.
All tida eg skulle bruke til å førebue meg og bli flink i matematikk har gått med til feber, feber, FEEEBEEER.

Og så fann ein ut at ein måtte ta seg saman, og rekna litt istaden.

onsdag 19. mai 2010

17

17 flotte og slitsame dagar er over. Piker du liker er best i heile verda. Takk til alle russ for ei fin tid. No står eksamen for tur. Og rehabilitering etter russetida, såklart. Det er tungt å trene. Eg beklagar så mykje til kroppen min for dårleg behandling.

onsdag 21. april 2010

Knips

Det er snart russetid. Russebilen er snart ferdig - frontruta er i det minste på plass. Leksene hopar seg opp, og det er ikkje lenge til eksamen. Alt skjer snart, og vips, knips, så skjer det. Tida går alt for fort, og samtidig alt for sakte.

Det er framleis alt for lenge til sommarferien, men også alt for kort til eg ikkje skal gå i klassen min lenger. På mange måtar kjennest det som eg står på kanten av eit stup, om ein ser vekk ifrå det med at ein døyr om ein fell ned i stupet. (For det kjennest ikkje heilt slik.) No står eg på ein måte mellom to ulike fasar i livet, og det kjennest så rart. Eg hadde aldri trudd at livet kom til å bli så rart og forvirrande som det er no. (Men eg trivst, eg!)

Det meste blir litt surrete mot slutten av skuleåret.

mandag 12. april 2010

Evening

BBC og pasta og lekser = måndagskveld i Nykleiva.

onsdag 31. mars 2010

Travle dagar

Det er påskeferie. Kjempedeilig! Russebilen er på G, endeleg!

torsdag 11. mars 2010

Inspirasjon kan kome frå så mange rare stader

- innimellom frå å lese norskstilane til Lage Nøst. Takk for at du set ting så innmari på spissen når du skriv - det gjer meg mildt stemt mot å tilbringe ettermiddagen saman med Word 2007.

tirsdag 9. mars 2010

Høg nerdefaktor

Eg har vore på NTNU (lovelovelove), og der lærte eg om

- Kybernetikk
- Slangerobotar
- Andre robotar
- Segway
- Blinkande namneskilt
- Flygande tog

Kanskje ender eg opp som supernerd om eit par år? Det var iallefall interessant nok.

Til slutt, for å blidgjere NTNU: SØK KYBERNETIKK ELLER ELEKTRONIKK, DET ER GØY!

torsdag 4. mars 2010

Av og til seier ein fæle ting når ein er sint, og så skammar ein seg etterpå. Eg liker ikkje å vere sint. Eg liker endå mindre å innrømme at eg har vore dum og teit og seie unnskyld. Men eg gjer det likevel - av og til.

fredag 26. februar 2010

Jenter og gutt (og hund) på tur

Både varmt og kaldt. Veldig fint. Godt med appelsin, artig å springe nedover (sjølv om det er store sjansar for å skli og tryne).

Så rart

Det er rart å ikkje vere trøytt eller sliten. Det er rart å kjenne seg OPPLAGT.
...men samtidig veldig godt!

søndag 21. februar 2010

...

Eg skal gjere voldsomt mykje fysikklekser i ferien.

fredag 19. februar 2010

Tannpussblogg

Eg pussar tenner. Puss-puss-puss. Eg burde skrive norskstil.
No er det ferie.

mandag 15. februar 2010

MoldeFrenSNU

Det har vore ei fantastisk helg. Eg har ikkje ord.

mandag 8. februar 2010

Stressblogg

Det er varmt, mamma søv på sofaen og kattane ligg og lagar sånn der durelyd. Roleg stemning på kjøkenet, med andre ord.

tirsdag 2. februar 2010

Februarblogg

Eg har snakka
med politikarar
på telefonen.

Eg har dårleg syn
og ventar på briller.
Snøen har kome tilbake,
eg håpar
han blir liggjande
ut februar.

Bilen har punktert,
Brit Kari har headshake.
Eg bakar
ostekake!

Åshild har fått seg
verdas beste
klesplagg: Onepiece -
(mindreenntre).
Nesten så ein blir freista
til å kjøpe seg ein sjølv ...
- men nei.

Sparespare.

VIL ha nye klede -
men nei. Spare.
Vil også ha is
sjølv om det er kaldt.

tirsdag 5. januar 2010

Bryllaup på trass


Vårt bryllaup skal vera ein fest på trass!
Ein haustkveld seint skal det stå.
Dei blomar vi sankar til brurekrans
Vi bryt under dødens ljå.
Døden skreid nyst gjennom bryllaupshall
og livet laut døy der han fór,
men freden hans bryt vi med spel og song
og dansar på kyrkjegards-jord.

Mot kulden som varslar at døden er nær
vi kveikjer ein logande eld.
Og fleire og større skal lampene glø
di svartare mørkret fell.
Og lurer seg gravtogn og dødsangst inn,
dei møter ein spotsk fiolin,
dei trampast til døde av dansande par
og druknar i glitrande vin

Vi følgjer med faklar og klingande spel
til døra vår siste gjest.
Vår gang ifrå festsal til brurkove blir
ei ferd ifrå fest til fest.
Vi røvar frå skogen hans siste gull
til leie for han og ho.
Og alt medan brurlys og festbål døyr
dei kveikjest på nytt i vårt blod.

Natta og hausten og døden – dei tre
skal stå ved vårt leie vakt.
Til spott og på trass skal vårt bryllaup stå
mot dei og mot all deira makt.
Livet i vald og med livet i pakt
og utanom visning og død
er kvinna og mannen som femnande sår
det heilage livsens frø.

Halldis Moren Vesaas, 'Harpe og dolk'