onsdag 30. desember 2009

Eg liker britisk klissefilm. Eg liker bringebær. Eg liker julesnø.

torsdag 17. desember 2009

Eg er i dritthumør

Dette har vore ein dårleg dag. Om ei veke er det jul. No går eg og legg meg.

Livshus

I diktsamlinga 'Livshus' (1995) skriv Halldis Moren Vesaas om gamle minner, personar ho har møtt, ny kjærleik og korleis ho opplever det å bli gamal. Ei fin samling, skal eg være ærleg.

tirsdag 15. desember 2009

Imponert

Snart kjem kjøkenbenken - ting begynner å falle på plass!

søndag 13. desember 2009

Kry

Eg greidde å ta 82 sit-ups i dag/natt. Til samanlikning greidde eg 25 sist gong eg forsøkte. Trening med Eivind = ekstrem evne til å presse seg sjølv.

fredag 11. desember 2009

Etterlengta helg

Endeleg litt FRI!
Mål for helga:
  • rydde/vaske bilen
  • lage CD til bilen
  • rydde soverom
  • ete kebab?
  • lage julekort
  • ikkje sutre fordi eg ikkje er i København

tirsdag 8. desember 2009

Q&A

Slumdog Millionaire - fin film. Eg skulle ønskje eg såg meir film, det er kjekt.

søndag 6. desember 2009

Andre søndag i advent

God frukost: roastbiff, pesto, paprika. Ny duk på bordet, adventsstake i vindauget, Jamie Cullum. Ullsokkar og tjukk genser.

onsdag 2. desember 2009

Oh yes

Klatring, ICA, shopping, lol, eg har skyss til skulen i morgon. Dette har vore ein merkeleg dag.