søndag 11. juli 2010

No er det sommar

Tåke, iskaffi og musikk saman med gode venner til langt på natt. Mimring, framtidstankar, pakkelister. Alt er litt uverkeleg - snart legg vi alt vi kjenner til bak oss, og alt blir nytt. Alle reiser, ikkje til same stad, men vi sjåast.

torsdag 1. juli 2010

Tredje sommarteikn: SommarSNU er over, og eg nyt sol, varme og is i Paris.

torsdag 10. juni 2010

Andre sommarteikn: eg les til fysikkeksamen.

tirsdag 1. juni 2010

Første sommarteikn: eg er solbrend.

tirsdag 25. mai 2010

Joda, snart eksamen

Kva gjer ein med saken? Fell tårar. Mange tårar. Det verkar nokså vonlaust.
All tida eg skulle bruke til å førebue meg og bli flink i matematikk har gått med til feber, feber, FEEEBEEER.

Og så fann ein ut at ein måtte ta seg saman, og rekna litt istaden.

onsdag 19. mai 2010

17

17 flotte og slitsame dagar er over. Piker du liker er best i heile verda. Takk til alle russ for ei fin tid. No står eksamen for tur. Og rehabilitering etter russetida, såklart. Det er tungt å trene. Eg beklagar så mykje til kroppen min for dårleg behandling.

onsdag 21. april 2010

Knips

Det er snart russetid. Russebilen er snart ferdig - frontruta er i det minste på plass. Leksene hopar seg opp, og det er ikkje lenge til eksamen. Alt skjer snart, og vips, knips, så skjer det. Tida går alt for fort, og samtidig alt for sakte.

Det er framleis alt for lenge til sommarferien, men også alt for kort til eg ikkje skal gå i klassen min lenger. På mange måtar kjennest det som eg står på kanten av eit stup, om ein ser vekk ifrå det med at ein døyr om ein fell ned i stupet. (For det kjennest ikkje heilt slik.) No står eg på ein måte mellom to ulike fasar i livet, og det kjennest så rart. Eg hadde aldri trudd at livet kom til å bli så rart og forvirrande som det er no. (Men eg trivst, eg!)

Det meste blir litt surrete mot slutten av skuleåret.